20190117_140300239_ios
Studietur til Oslo

Inngangsbilletten

For halvanna år sidan flytta eg til Sørlandet saman med ein sørlending. Eg ante lite om både regionen og arbeidslivet her, då eg nesten tilfeldig søkte meg inn i Trainee Sør. Og for eit lykketreff det var at eg fekk jobb akkurat der!

Det tek på å bytte jobb, og ikkje minst å gjere det tre gonger i løpet av halvanna år. Tre gonger har eg vore den nye, tre gonger har eg pugga namn, tre gonger har eg forsøkt å finne ut av arbeidsplassen, og tre gonger har eg kjent på den rare kjensla med å snart vere ferdig. Saman med det å flytte til ein ny by, etablere nytt sosialt nettverk og kjøpe hus, har det definitivt vore ei periode med store endringar.

Men det som er så flott med å vere trainee, er at eg har fått så mykje med på kjøpet! Eg har fått eit kjempestort nettverk, masse jobberfaring, faglig kompetanse, fleire sett med gode kollegaer og eit tonn med morosame opplevingar. Med dei andre traineeane har eg eit heilt team som opplever dei same situasjonane som meg, og vi delar erfaringar og heiar på kvarandre. Vi møtes ofte til sosiale treff, faglig oppdatering og kurs. Vi har også vore på reise saman til Oslo og London.  

Anna, «traineesjefen», er som ein manager for oss på vei ut i arbeidslivet. Ho er involvert i liva våre, og jobbar hardt for at vi skal få prøve oss i bedriftene vi ønsker mest, og i dei bedriftene som ho meiner er rette for oss. Ho bryr seg, kjempar for oss, og ønsker oppriktig å gi oss den beste starten på karrieren. I tillegg har eg det siste året hatt ein mentor. Ei flott og dyktig dame som eg har fått dele oppturar og nedturar med, og som har coacha meg gjennom forskjellige situasjonar eg har kome utfor på arbeidsplassane mine.

Vidt forskjellige erfaringar

Eg har hatt tre vidt forskjellige plasseringar, og opplever at eg har pressa fleire års erfaringar og jobbskifter inn i ei kort periode. Dagane har rast forbi i ein konstant straum av første-dagar, siste-dagar, nye handtrykk og veldig mykje gøy. Første plassering hos nye Kristiansand, kommunesamanslåings-prosjektet til Kristiansand Kommune, var prega av enorme mengder oppgåver, mykje fart, og veldig engasjerte medarbeidarar. Kommune-Noreg er på ingen måte kjedeleg, om nokon framleis trur det.

I den andre plasseringa mi var eg hos HR-avdelinga til Aust-Agder Fylkeskommune. Eg fekk mykje ansvar og fekk tillit frå leiarar til å gjennomføre fleire prosjekt på eigenhand. Eg fekk mellom anna gjennomføre ei heil tilsetjing frå mandat til utlysning, intervju og innstilling.

Siste plasseringa mi er i Kristiansand Havn der eg jobbar som kommunikasjonsrådgjevar. Her har eg fort fått ei sjølvstendig rolle, og med ein gong blitt rekna med som ein fullverdig tilsett. Ingen dagar er like, og ukjente situasjonar står i kø. Krankøyring, marknadsføring, fotografering, mediehandtering og internasjonale besøk er noko av det som har stått på timeplanen.

Verdifull posisjon

Å ha traineestempelet i panna har gitt meg nokon utfordringar, men aller flest inngangsbilettar til spennande møter og oppgåver som eigentleg høyrer til lenger oppe i erfaringshierarkiet. Det eg har lært mest av i dei tre plasseringane,  har vore å seie ja til det meste, og tenke at det eg ikkje kan, det finn eg fort ut av. Somme gonger, når tempoet er høgt, har eg også lært meg å tenke at godt nok, er bra nok. Ein kan sjølv styre kor mykje ein får ut av traineeperiodene, og er nødt til å vise at ein vil, for å få mest mogleg ut av seks månader i ei bedrift. Jo meir ein får prøvd seg på, jo meir erfaring tek ein med seg inn i neste plassering. Derfor er det viktig å komme raskt i gang, og ikkje sjå på seg sjølv som ny og uerfaren særleg lenge.

For meg som ikkje er frå Sørlandet, har Trainee Sør vore ein heilt fantastisk måte å komme til ein ny landsdel og ein ny by. Eg har fått møte folk som jobbar i ulike delar av samfunnet, fått innblikk i kva folk bryr seg om her, bygd nettverk og fått eit krasjkurs i Sørlandets ABC. Eg er så heldig at det også har ført fram til ein veldig spennande jobb når eg er ferdig. Eg får halde fram som kommunikasjonsrådgjevar i Kristiansand Havn, og gler meg til eit nytt kapittel og nye erfaringar her!

Studietur til London