dsc_6120

Pangstart med Trainee Sør

Kva gjer at eg står fast ved at Trainee Sør var mitt aller beste høve for å få ein pangstart på arbeidslivet? Eit høve som gjer at eg får arbeide med noko eg verkeleg engasjerar meg for? Det får du eit kort svar på no.

Når studietida i Trondheim gjekk mot slutten, såg eg eit hav av moglegheita. Eit hav som var så stort at eg var usikker på kva eg ville. Det var fleire spørsmål eg prøvde å finne svar på:

  • Kor vil eg få størst høve til å utvikle min faglege og praktiske kompetanse?
  • Korleis kan eg kome meg i ein posisjon for å bidra i det eg engasjerer meg for? Nemleg eit meir energieffektivt og berekraftig samfunn.
  • Kva stilling vil føre til at eg ser meining i å bruke 50 % av mi vakne tid i kvardagen til dette?

I søknadsprosessen kom eg over Trainee Sør, som verka for godt til å være sant. Det å få arbeide i tre bedrifter i løpet av 18 månadar verka utruleg spennande og ville kanskje gje svar på mine spørsmål.

I min Trainee-periode har eg vore hos Nymo, Agder Energi Vannkraft og Norconsult – tre særdeles engasjerte og forskjellige bedrifter. Eg har lært mykje, fått stort ansvar og ikkje minst fått eit innblikk korleis arbeidslivet verkeleg er. Sistnemnde punkt er nok der eg har hatt brattast læringskurve; kva skal til for at idéar og teoretiske løysninga blir sett ut i praksis? Korleis skal ein handtere leverandørar og kundar på ein god måte? Erfaringane har vore mange og svært lærerike.

Trainee Sør har som formål å styrke Sørlandets konkurranseevne nasjonalt og internasjonalt. Næringen på Sørlandet er i sterk vekst og Trainee Sør skal tiltrekke seg de mest ambisiøse og kompetente hodene og gi dem en unik start på yrkeskarrieren.

Ein skulle tru det var til dels umogleg å få ein Nordfjording som er vaksen opp med magiske fjordar, bratte fjell og mystiske isbrear til å flytte heimafrå. Dette har Trainee Sør, i tillegg til ein dose sol, klart i mitt tilfellet. Trainee Sør gjer, i alle fall for meg, Sørlandet til ein særdeles attraktiv region.

Trainee Sør har eit stort mål, men etter å ha vore Trainee i tre periodar, ser eg at målet er langt ifrå utenkeleg. Eg ser ein region i vekst, framoverlente bedrifter og tilbod som legge til rette for ambisiøse unge. Det er med glede eg kan seie at eg høgst sannsynleg blir værande på Sørlandet, i ei stilling som gjev gode svar på dei tre innleiande spørsmåla. Eg gleda meg til å sjå ein region i sunn og god vekst framover og ønskjer å bidra til dette. Dersom eg kunne gjort valet på nytt, ville eg gjort akkurat det same, rett og slett fordi eg ikkje kan forstå at det finns ein betre start på arbeidslivet. Eg er utruleg takknemleg til Trainee Sør, bedriftene eg har vore i og leiarane mine som har gjeve meg dette høvet.