Karen som undervisar i konflikthandtering og dialog i Latvia.
Refleksjonar: Anvende kompetanse i praksis
Eg trudde ikkje eg kom til å bruke kompetansen min som interkulturell konflikthandterar i Trainee Sør, men erfaringane mine har vist noko anna. Frå internasjonale prosjekt i Agder til workshop i Latvia, har eg fått moglegheita til å vekse og lære bort.
Som utdanna interkulturell konflikthandterar, eller konfliktmeglar om ein vil, tenkte eg at eg ikkje kom til å bruke akkurat den kompetansen så mykje i ein jobb i Trainee Sør. Eg søkte meg inn med HR-bakgrunnen min i staden for, i håp om at det ville vere nok til å få eit tilbod. Eg kom til slutt inn, og Trainee Sør såg verdi i den kompetansen eg har opparbeidd meg internasjonalt både i utdanninga og gjennom erfaringar. Det å vere trainee opna ein heilt ny verd for meg – ein eg ikkje visste eksisterte. I Agder finst det mange som jobbar strategisk med internasjonalisering og prosjekt på tvers av landegrenser. I mi fyrste plassering fekk eg jobbe med internasjonalisering i Agder fylkeskommune. Der fekk eg innsikt i Horisont Europa, Interreg og politiske retningslinjer for fylkeskommunen sine internasjonale satsingar. Vidare fekk eg utplassering på Universitetet i Agder med deira europeiske universitetsallianse FORTHEM.
Å få jobbe med FORTHEM var ei øving i «Karen gjer ting ho ikkje kan» og ein bratt læringskurve, men det var utruleg spennande. No sit eg igjen med ny kompetanse og nye kunnskapar i til dømes marknadsføring, informasjonsspreiing og kommunikasjonsarbeid. Og den kompetansen i interkulturell konflikthandtering eg ikkje trudde eg kom til å få brukt? Plutseleg var eg i Riga kor eg fekk halde ein workshop om konfliktløysing og dialog for studentar frå ni forskjellige land, og i mai skal eg igjen få snakke om interkulturell kommunikasjon for rundt 100 ungdommar i European Youth Forum. Eg skal ærleg innrømme at eg ikkje heller tenkte eg kom til å kunne bruke bakgrunnen min som lektor spesielt mykje, men i tillegg til undervisninga eg allereie har hatt, skal eg til Finland for å undervise i engelsk i juni. Eg kan ikkje heilt hugse korleis eg såg for meg ein arbeidsdag som trainee då eg søkte, men det var i alle fall ikkje dette.
Dersom eg skal konkludere med noko på veg inn i tredje og siste periode som trainee, er det at me alle har mykje kompetanse ein kanskje ikkje tenkjer at ein får bruk for eller ikkje er aktuelt som trainee, men det er eit heilt arbeidsmarknad der ute som treng akkurat deg og det du kan. Som trainee får ein ikkje berre moglegheita til å lære og oppleve, men ein får anvende og dele den kompetansen og dei tankane ein har. Så ikkje ver redd for å vere deg sjølv og for å ta sjansar. Då blir livet litt meir interessant enn i går.