1img_0932

Å skape broer mellom kulturer

Fra barndommen drømte Karen om å bli enten melkebonde eller havfrue, og på fritiden elsker hun fjellklatring og å tilbringe tid utendørs. Hun er også en ivrig Dungeons and Dragons-spiller!

Navn og alder:

Karen Mathilde Liane, 31 år.

Hvor kommer du fra, og hva slags sted er det?

Kjem frå den lille byen Lillesand, frå ein melkegard litt ute i gokk.

Utdanning:

Har tatt mykje forskjellig, men har ein bachelor i sosiologi og ein master i intercultural conflict management. I tillegg har eg eit årsstudium i spansk, eit årsstudium i HR og organisasjonsutvikling, og praktisk-pedagogisk utdanning. Har og ein del ymse studiepoeng i leiing og økonomisk globalisering.

Hva jobber du med i din første plassering?

Eg er i Agder Fylkeskommune - Avdeling for samskaping og internasjonalisering. Her jobbar eg internasjonalt med europas største forsknings og innovasjonsprogram Horisont Europa, og interreg-prosjektar, i tillegg til reetablering av Agder Europakontor i Brussel. Eg organiserar workshoppar, møtar og seminarar, og er med på politiske prosesser som omhandlar internasjonalisering, spesielt i samanheng med Regionplan 2030.

 

Drømmeyrke som barn?

Melkebonde, eller havfrue.

 

Fritidsinteresser?

Eg driv med fjellklatring, og likar generelt å vere ute i naturen. Ellers spelar eg ein del Dungeons and Dragons, spelar dataspel, og bryggjar øl saman med vennar. 

 

Hvorfor søkte du Trainee Sør?

Eg var ferdig utdanna, og søkte etter jobbar som kunne gje meg læring og utfordringar som gjorde at eg kunne få betre kompetanse og moglegheitar i arbeidslivet. Trainee Sør er ein unik sjanse til å oppleve utroleg mykje i løpet av kun halvanna år, og eg trivast godt i ein kvardag der ikkje alt er like forutsigbart. Det er også ein bra arena for å knytte kontaktar i både det offentlege og private arbeidslivet i heile Agder. 

 

Hvordan opplevde du søknadsprosessen?

Søknadsprosessen var interessant, og lærerikt. ikkje berre blei man kjent med flinke og kompetente menneske på assessmentsenter, men Trainee Sør er òg gode på å gje tilbakemeldingar man kan ta med seg vidare uansett om man får jobb eller ikkje, noko som er viktig for dei som er i ein søknadsprosess.

 

Hadde du noen verv, deltidsjobb, utveksling eller andre gøye erfaringer i studietiden?

Eg har gjort mykje forskjellig i løpet av studietida. Eg har vore engasjert i fleire organisasjonar, blant anna AFS, European Federation for Intercultural Learning, FN-studentane i Agder, Røde Kors og Effektiv Altruisme, og vore i styret i nokon av dei. Eg er til dømes enno styreleiar i Effektiv Altruisme Agder. 

 

Eg jobba også i Dyreparken i 10 år fram til eg flytta til Tyskland for å ta master. Der jobba eg med Human Rights Film Festival Berlin som studentpraktikant for Action Against Hunger Tyskland.

 

Av utenlandserfaring var eg på utveksling til Bolivia i 2013/2014, tok masteren min i Tyskland og var på praksisutveksling i USA då eg studerte praktisk-pedagogisk utdanning i fjor.

 

Hvor ser du deg selv og hva gjør du om 10 år?

Om ti år har eg fått mykje internasjonal erfaring og meir kunnskap om internasjonal bistandspolitikk. Eg jobbar enten for ein bistandsorganisasjon, i politikken eller i andre jobbar der eg kan bruke påverkningskraft til å gjere verda til ein betre stad. Ideelt har eg garden i Lillesand som heimebase, og reise ut på oppdrag eller jobbar andre stader i innland eller utland.

 

Hvilken jobb kunne du ikke hatt?

Eg har så mykje respekt for regnskapsførarar og andre som jobbar med tall. Det er noko eg aldri kunne fått til, og eg er så glad for at andre menneske er gode på det sånn at eg kan delegera det vidare til kompetente menneske.

 

Hva skal til for at du trives på jobben?

Eg trivast godt i eit bra sosialt miljø kor eg kan bli kjent med og utveksle kunnskap og tankar med smarte menneske. Eg lærar mykje i samspel med andre, og det er noko som motiverar meg til å bli betre. Eg likar også når eg får moglegheita til å gjere andre ting enn å berre sitte på kontoret. Det er også supert med arbeidsplassar som tilretteleggjar for kompetanseutvikling og kompetanseheving. Det er også viktig å ha leiing og kollegaer som ynskjer å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.

 

Hva gleder du deg mest til det neste året?

Eg gler meg til alle opplevingane eg får, og å bli kjent med dei forskjellige arbeidsplassane eg skal vere innom. Det blir spennande å sjå kva eg skal jobbe med og kva kompetanse eg kan tilegna meg. Eg lærar allereie masse om ting eg ikkje visste at eksisterte, og gler meg veldig til å sjå kva anna som kjem min veg.

 

 

5 Kjappe enten/eller spørsmål om deg:

Middag eller dessert?
Dessert hvis det er sjokolade eller sitron involvert.

Jul eller påske?
Påske.

Android eller iPhone?
Android.

Gå eller sykle?
Sykle.

Melk eller juice?
Juice (Laktoseintolerant, så har ikkje noko val)