oddne-portrett

Med master i industriell kjemi og bioteknologi fra Sunnfjord til Sørlandet

Fra fjord og fjell i Sunnfjord til sørlandsk kyst har Oddne Kvamen (27) tatt med seg master i industriell kjemi og bioteknologi, og et stort engasjement for bærekraft og grønn omstilling.
Dette lot seg godt kombinere med Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)s ferske ansvar innen nasjonal datasenterstrategi og bærekraft.

Hvor kommer du fra, og hva slags sted er det?

Eg kjem frå Bygstad, ei perle i Sunnfjord som kviler ved foten til majestetiske Storehesten. Bygda blei kåra til Sogn og Fjordane sin finaste plass i 2012! Riktig nok basert på stemmer frå publikum, og alle kunne stemme så mange gonger dei ville.... Det er god lokalpatriotisme heime!

Utdanning: 

Eg tok eit årsstudium i idrettsvitenskap på UiA i Kristiansand i 2020/21, før eg flytta til Trondheim og tok ein master i industriell kjemi og bioteknologi.

Årsstudiumet i idrett dyrka interessene mine, ettersom eg er interessert i sport, trening, fysiologi og anatomi! Trass denne interessen visste eg at eg ville bli sivilingeniør, og flytta derfor til Trondheim for å studere på NTNU.

Studiet "industriell kjemi og bioteknologi" har først 2,5 år med generelle sivilingeniør- og kjemifag, før ein vel retning. Eg valde spesialiseringa "materialkjemi og energiteknologi", og spissa derfor kompetansen mot materialeigenskapar, elektrokjemi og energiteknologi slik som batteri og hydrogen. Dette gav meg i første omgang brei kompetanse innan prosessteknologi, organisk og uorganisk kjemi, og mykje erfaring med labarbeid og programmering. Gjennom spesialiseringa opparbeida eg meg kompetanse i mellom anna elektrokjemiske prosessar, batteri, korrosjon og hydrogenteknologi.

Eg skreiv master om hydrogenteknologi i samarbeid med SINTEF, meir spesifikt om alternative bipolare plater til bruk i PEM vasselektrolyseceller. I arbeidet med masteren fekk eg god erfaring i å planlegge eige arbeid, gjennomføre litteraturstudier, gjennomføre labarbeid, tolke resultat og til slutt samanfatte mine viktigaste funn. 

Hva jobber du med i din første plassering?

Eg jobbar i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), i seksjonen Digitale tjenester og bærekraft. Der jobbar eg i bærekraftsteamet, som følger opp regjeringa sin digitaliseringsstrategi og datasenterstrategi med fokus på netto berekraft og verdiskaping for datasenternæringa. Eg bistår i fleire prosjekt med analyser, vurderingar og anbefalingar. 

Drømmeyrke som barn?

Eg ville aller helst bli profesjonell fotballspelar, men synst óg bilmekanikar og fysioterapeut var kule yrke!

Fritidsinteresser? 

Eg er glad i det aller meste av idrett, og likar å drive med ballspel, gå på tur i skog og mark og fjell, jogge og trene styrke. Eg er óg ein skikkeleg sportsidiot som gjerne ser det meste av sport på TV, spesielt fotball. Ellers er eg glad i musikk og går gjerne på konsertar, likar å lese bøker og er interessert i hus og hage. Når eg blir "stor" vil eg gjerne ha nokre prosjekt eg kan snikre på, og vil gjerne ha ein kjøkkenhage!

Hvorfor søkte du Trainee Sør? 

Trainee Sør tilbydde ein unik moglegheit til å bli kjent med arbeidslivet på sørlandet, og til å utfordre meg sjølv gjennom å prøve ulike type arbeid. Eg har ikkje høyrt om noko tilsvarande ordning, og blei umiddelbart interessert! I tillegg var det svært attraktivt at eg kunne få eit nettverk av traineear "med på kjøpet", noko som senka terskelen for å flytte til sørlandet igjen. 

Hvordan opplevde du søknadsprosessen? 

Søknadsprosessen var veldig ryddig, med god informasjon undervegs og spennande utfordringar. Eg opplevde både intervjuet og assessmentsenteret som lærerikt og hyggeleg!

Hadde du noen verv, deltidsjobb, utveksling eller andre morsomme erfaringer i studietiden?

Eg hadde verv som fotballtrenar for linjelaget mitt i to år, i tillegg til at eg spelte trommer i bandet på linjerevyen vår eitt år. Ellers hadde eg deltidsjobb på Ent3r og dreiv med leksehjelp for elevar i 10.klasse, VG1, 2 og 3.

Hvor ser du deg selv, og hva gjør du, om ti år? 

Eg håpar eg jobbar med reelle utsleppskutt, og går på jobb kvar dag og veit at eg bidrar i den grøne omstillinga.

Ellers ser eg for meg at eg har familie, einebustad og hage! Eg vil behalde nærheita til naturen og treningsgleden i kvardagen. 

Hvilken jobb kunne du ikke hatt? 

Generelt likar eg godt å jobbe ilag med andre og har gode erfaringar med teamarbeid, så eg vil til dømes ikkje ha ein jobb der heimekontor er normen blant mine medarbeidarar.

Meir konkret ønsker eg ikkje å jobbe for ei bedrift som stiller seg likegyldige til påverknaden dei har på klimaet og klimautslepp. Aller helst ser eg at bedrifta har ambisiøse mål om utsleppskutt, og som gjennomfører konkrete tiltak for å nå desse måla. Alternativt ønsker eg gjerne å vere med på å utforme slike tiltak, eller jobbe i prosjekt som tar bedrifta eit steg nermare grøn omstilling.

Hva finner man alltid på kontorpulten din? 

Vassflaske, penn og papir og sjølvsagt kaffikoppen! Og mest sannsynlegvis nokre briller. 

Hva gleder du deg mest til det neste året? 

Eg gledar meg til kvardagen på sørlandet og alt den bringer med seg, inkludert jobb, leilegheitskjøp og forhåpentlegvis fint vær! I tillegg ser eg fram til reunion med studiegjengen frå Trondheim i januar. 

 

5 kjappe om deg

Guilty pleasure? 
Punkrock

Favorittdag?
Fredag

Mest brukte app? 
Spotify, hovudsakleg for å høyre på podcast, og FotMob for å sjekke live fotball, statistikk, historikk og anna fotballsnacks

Spontanferie eller nøye planlegging?
Eg er nok mindre spontan enn eg skulle ønske, men optimalt sett nøye planlagde rammer (bustad, transport, overordna plan) og spontane dagar der ein slenger seg med på dei moglegheitane som dukkar opp.

Favorittemoji? 
🤩